I slutten av førre veke fekk Fjuken ei omvising på den nye barne- og ungdomsskulen i Bismo, av prosjektleiar Ola Aaboen i SEBB. Prosjektleiaren fortel at skulebygginga har gått på skinner.

– Det er heilt imponerande kor bra dette har gått. Alt har gått bra, utan dei store overraskingane undervegs. Alle som har vore med her har gjort ein utruleg god jobb, fastslår Ola Aaboen.

Han fortel at det for det meste har vore brukt lokale aktørar under bygginga av nye Skjåk barne- og ungdomsskule. Det er SEBB AS som har hatt hovudentreprisen.

Byggearbeidet starta 4. juli 2016, og har vore delt over fire bygg.

Dei fire bygga

• Bygg 1 er eit tilbygg på 124 kvadratmeter som består av nytt klasserom og grupperom på den eksisterande ungdomsskulen.

• Bygg 2 er eit nytt tilbygg på 123 kvadratmeter. Dette bygget består av nytt pauserom til alle tilsette på skulen.

• Bygg 3 er eit nytt bygg på 2.161 kvadratmeter, som består av mellom anna 1.-4. klasse, avdeling for lærarar, assistentar og vaktmeister, SFO-avdeling, musikkrom og spesialpedagogisk avdeling. Sistnemde er i seg sjølv 220 kvadratmeter stort, og består av mellom anna fellesareal, kontor, våtrom, kjøkenkrok og eigen inngang. Det er også montert takheis i store delar av den spesialpedagogiske avdelinga.

• Bygg 4 er eit nytt tilbygg, omgjort til varmesentral, verkstad, kontor og møterom.

Med den eksisterande ungdomsskulen på om lag 2.300 kvadratmeter, blir den nye barne- og ungdomsskulen i Skjåk godt og vel 4.700 kvadratmeter stor.

God plass

Lokala i den nye skulen i Bismo er ljose og fine - og store. Sjølv om inventaret naturleg nok vil fylle ein del av plassen, er det ingen tvil om at både elevar og tilsette får god plass å boltre seg på til hausten. I fylgje kommunal prosjektleiar Ole Vegard Wang vil det bli starta med å innreie skulen rett etter påske.

Nå i løpet av januar skal byggearbeidet avsluttast. Ola Aaboen fortel at det frå 22.-26. januar blir ein tverrfagleg fullskalatest av skulen, og synfaringar. Den 26. januar skal skulen vera ferdigstilt. Da startar prøveperioden der alt skal testast ut.

– Da blir alt av ventilasjonsanlegg og anna sett i gang, for å sjå korleis ting fungerer. Om det da er noko som viser seg å ikkje fungere som det skal, vil dette bli retta fortløpande utover våren og fram mot sommaren, seier Aaboen.

Den 5. juli skal uansett alt vera klart. Denne dagen er det nemleg overlevering av den nye skulen, inkludert det utvendige anlegget.

– Det skal sjølvsagt monterast ein del leikeapparat og anna på utearealet, og dette vil ta til når vinteren er over, seier Ola Aaboen.

Klatrevegg, akebakke/ leikehaug, husker og sklier er blant det som skal ordnast ute når snøen blir borte.

Elevtalet

Per i dag er det 124 elevar i barneskulealder og 85 i ungdomsskulealder som skal byrje på storskulen i Bismo til hausten, i alt 209 elevar.

Kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Skjåk kommune, Unnvald Bakke, sit med oversikta over elevtala for dei næraste åra framover, og opplyser at elevtalet på barne- og ungdomsskulen i Bismo blir 195 i 2019, 198 i 2020, 187 i 2021 og 183 i 2022.

– Tilflytting og utflytting vil sjølvsagt endre desse tala, seier Unnvald Bakke.

Kommunal prosjektleiar Ole Vegard Wang fortel at det er god kontroll på kostnadene på nyskulen, og at kommunen ligg gått an til å halde seg innanfor budsjettet på vel 100 millionar kroner.

Storskulen i Bismo er rundt 4.700 kvadratmeter stor. I løpet av månaden blir skulen ferdigstilt. 209 elevar tek til på skulen i august.