Countryfestivalen i Skjåk blir arrangert på Skjåkøygarden i Nordberg 28. juni-1. juli.

I slutten av november opna bookinga til festivalcampingen, og arrangør Lena Jenny Melby fortel at så langt har mellom 200 og 300 personar bestilt seg plass på årets festival.

– Dette er som normalt. Vi ventar oss eit drøss av bestillingar når heile artistlista blir sleppt. Det brukar å vera slik. Mange ventar til dei ser kven som skal spele, seier Lena Jenny.

Nyleg sleppte arrangørane tre av artistane som skal spele på årets festival, på festivalen si Facebook-side.

Det norske festcountrybandet «Rotlaus» opnar festivalen frå hovudscena torsdag kveld. I tillegg er den amerikanske countryartisten Jeff Bates og det norske bandet «Fat Fred & The Possumhunters» blant artistane på festivalen i sommar.

– Når det gjeld sistnemnde er dette eit svært etterspurd band, som vi er glade for at vi nok ein gong har fått sikra oss, seier Lena Jenny Melby.

For Fjuken sine lesarar kan ho avsløre at det norske countryrockbandet «Sie Gubba» også skal spele på Countryfestivalen i Skjåk i år.

– Dei skal avslutte fredagen på hovudscena, fortel ho.

Resten av årets countryartistar vel arrangørparet Lena Jenny og Geir Ove Melby å halde tett inntil brystet ei stund til.

– Vi har artistar frå Noreg, Sverige, England og USA, både «nye» og «gamle» artistar. Den komplette artistlista kjem i midten av februar, lovar Lena Jenny.

«Sie Gubba» skal spele på Countryfestivalen i Skjåk i sommar. Foto: Pressefoto