Gausdal trekkhundklubb lovar hundeleven når startskotet for Gausdal maraton går fredag kveld.

37 hundespann er påmeldt i klassa for dei som skal køyre 300 kilometer. Mange av dei store profilane står på startstreken i løpet som går gjennom noko av det flottaste fjellandskapet i landet.

Blant deltakarane finn ein fjorårsvinnar Ralph Johannessen og Petter Jahnsen som vart nummer to. Jahnsen vann seinare på vinteren Finnmarksløpet. Norgesmeister Birgitte Næss og Marit Beate Kasin er også favoritter til å vinne løpet.

Den 300 kilometer lange løypa på Gausdal maraton går ut frå Astridbekken i Gausdal.

Etter 135 kilometer legg hundespanna ut frå Sikkilsdalen, langs Sikkilsdalsvatnet og over til Sjodalen.

Hundespanna kjem ned rett over for Bessheim, og skal følgje vekselsvis vatnet og skogen, gamle Griningsdalsvegen ned til Sjodalen hyttetun. Her blir det moglegheit for kvile, før turen går mot Refjellet og Skåbu.

Løpsleiar trur dei fyrste hundespanna vil koma til Sjodalen hyttetun ved 12-tida laurdag.

Etter den berømte «monster-etappen» gjennom Jotunheimen på over 20 mil, vil samtlege spann innta Skåbu sentrum for  sju timars obligatorisk kvile før dei legg ut på dei siste 100 kilometrane inn til mål i Gausdal.

I Skåbu står heile bygda på hovudet for å lage Noregs beste sjekkpunkt.

- Det ligg an til eit leven utan like i den vesle fjellbygda, seier rennleiar Trond Ørslien.