Ola Rossehaug la merke til bilane ved 08.00-tida, frå kontoret på Midtgard. Andre lomværar observerte bilane på same plass i går kveld.

– Eg tok nokre bilde før dei forsvann, men elles kan eg ikkje fortelja så mykje. Du har rett og slett ikkje kome til rette person dersom du vil eg skal seia noko om sjølve bilmodellane, skrattar Ola, og slår fast at han «ikkje har greie på bil», som han uttrykkjer det.

Men for bilinteresserte: Her er det som kanskje kan vera nye og hittil ukjende Mercedes Benz-modellar.