Lokale matprodusentar frå Ottadalen blir  å finne under Grüne Woche i Berlin 19. til 28. januar.

Den internasjonale landbruksmessa Grüne Woche blir i år arrangert for 83. gong. Noreg deltek på messa for 31. gong.

I år vil det vere 60 utstillarar frå tre regionar som representerer Noreg; Fjord-Noreg, Trøndelag og Fjell-Noreg. Det er fyrste gong at Fjell-Noreg deltek som eigen region. Frå her deltek 24 utstillarar.

Billingen Seterpensjonat og Stensgård i Skjåk skal vere med å representere Fjellregionen på Grüne Woche. Dei er med både som matprodusentar og overnatting- og opplevingsbedrift.

Ekteparet Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdingren driv eit «kinderegg» i Skjåk. På garden Stensgård produserer dei kjøtt av charolais og lam, vidareforedlar kjøtt og sjølvskote vilt som nyttast i eiga serverings- og overnattingsstad.

Stensgård er ein av produsentane i Gudbrandsdalsmat som sel og distribuerer lokalprodusert mat frå 28 produsenter i Gudbrandsdalen til kunder i heile Norge.

Stensgård og Fjerdingren driv også Billingen seterpensjonat, som offisielt opna dørene 1. juli 2015. Arnstein er ivrig jeger, og karbonader av sjølvskote elg står alltid på menyen.

Innan reiseliv deltek Brimi Sæter i Lom. Hans Brimi skal vere med som kjøkensjef og vere ansvarleg for smaksprøvene basert på lokale råvarer.

Nasjonalparkriket Reiseliv skal selje området vårt til tyske turistar, og Opplæringskontoret Brimikjøken skal vere til stades med to reiselivslærlingar og to kokkelærlingar.

– Fjell-Noreg si deltaking på messa er ei viktig strategisk satsing for auka verdiskaping innan mat - og opplevingsnæringa, seier dagleg leiar Anette Svastuen i Gudbrandsdalsmat.