Samferdselsdepartementet har sendt ut på høyring eit forslag til endringar i postlova. Forslaget opnar for å redusere frekvensen for ombering av post frå fem dagar i veka til annankvar dag i heile landet.

– Den digitale revolusjonen gjev folk, næringsliv og det offentlege tilgang til stadig nye tenester. Samstundes fører digitaliseringa til ei dramatisk utvikling i postmarknaden, med eit stadig fallande brevvolum. Nå ynskjer vi innspel på frekvensen for utdeling av post framover, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Brevvolumet er meir enn halvert sidan år 2000. Dei neste åra fram til 2025 er det venta ei ny halvering.

Kommunikasjonen går føre seg raskare og meir effektivt ved hjelp av digitale tenester.  Det er denne utviklinga som gjer at innbyggjarane sender stadig mindre post. Veksten i e-handel og sending av pakker veg langt frå opp for nedgangen i brevpostvolumet. Medan norske husstandar i snitt tok i mot 3,9 brev i veka i 2017, tok dei i snitt i mot berre 7 småpakkar i postkassa i heile 2017.

Det er utkøyring til folk sine postkasser og henting av post frå raude samlepostkasser som vil bli råka av forslaget. Straumen av pakkar og brev til postkontor og Post i butikk vil ikkje bli påverka av dei føreslegne endringane.

Høyringsfristen er 6. april 2018. Endelig forslag om endringar blir lagt fram for Stortinget etter at Samferdselsdepartementet har behandla ferdig innspela i høyringa.