Innbyggjarundersøkinga  viser at innbyggjarane i Innlandet politidistrikt har ein stor grad av tillit til politiet på mange felt, og kjenner seg trygge.

55 prosent av befolkninga meiner at politiet er regelmessig synleg i sitt lokalmiljø, medan ein av tre meiner samstundes at dei ikkje er det.

Innbyggjarane i Innlandets kjenner seg trygge der dei bur og ferdast. Heile 95 prosent meiner dette.

Undersøkinga viser at 30 prosent av innbyggjarane har vore utsett for eller observert kriminalitet i året som gjekk. Her er trafikkfarlege hendingar inkludert.

I Innlandet som eitt av to politidistrikt er innbyggjarane meir bekymra for at terror vil råke enn resten av landet. Nasjonalt er det nettbasert kriminalitet innbyggjarane er mest bekymra for å bli råka av.

77 prosent av befolkninga meiner at det er lett å koma i kontakt med politiet, og åtte av ti har også stor grad av tillit til politiet.

– Eg er glad for at innbyggjarane i Innlandet har tillit til politiet. Vi er opptekne av å skape tryggleik for innbyggjarane, og vere tilgjengelege, seier politimeister Johan Brekke i ei pressemelding.

44 prosent er nøgde med at politiet kjem raskt til stades ved akutt behov, men oppfatninga av politiet si responstid i Innlandet har vorte dårlegare dei siste tre åra.

– Det er viktig for oss å styrke beredskapen. Her vil tildelte politistillingar bidra til å auke nærvær og vere meir synlege, uttalar Johan Brekke.