Brubakken er tilkomstveg både til Loar barnehage og Loar skule, og det har vore fleire nesten-ulykker i området mellom bilar og gåande.

Nå er det utarbeidd eit planforslag, som skildrar korleis ein best kan løyse utfordringane. Det inneber mellom anna einvegskøyring og fortau.

Etter ei anbodsrunde, fekk Nordplan AS tilbod om å lage ein detaljreguleringsplan. Denne ligg nå føre.

I kommunen si saksutgreiing står det mellom anna dette:

«Trafikktilhøve og sikring av mjuke trafikantar som ferdast i Brubakken har vore eit tema over lengre tid. I 2015 vart det laga eit forslag av ekstern konsulent, som innebar at køyrebana vart smalare og einvegskjørt, med gang- og sykkelveg og betre belysning. Dette har vore inne i budsjett og økonomiplan sidan forslaget vart gjort kjent, men for å gjennomføre slike store tiltak, må det liggje ein reguleringsplan til grunn. Det er spesielt rundt tidspunkt for levering og henting i barnehage og skule at trafikkbilete endras drastisk, spesielt da vegen er tovegskøyrt, og bilar står parkerte lags grøftekanten i begge retningar. Mjuke trafikkantar er særleg utsett, da det ved fleire anledningar blir eit kaos av køyrande, syklande, gåande og trillande ved dei ulike flaskehalsene. Framlegget til detaljreguleringsplan legg forslaget frå 2015 til grunn for utforming. Brubakken skal bli envegskøyrt, krysset i toppen av Brubakken skal utbetrast, og det er moglegheit for av- og påstigning ved skulen og barnehagen. Det vil bli gang- og sykkelveg heile strekninga, og ljosanlegget skal utbetrast».

Ein vil òg vurdere å lage fartsdumpar i vegen for at bilistar skal halde farten nede, og det er planlagt kantparkeringsplassar som skal vera fysisk skilde mot gåande og syklande.

Om formannskapet fylgjer innstillinga til administrasjonssjefen, blir planen lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Fristen for å koma med uttaler og motsegn til planen blir sett til minimum seks veker.

Det er sett av til saman seks millionar kroner i 2018 og 2019 for tiltaka i Brubakken.

Slik ser Nordplan for seg fortau langs vegen.