Vågå Røde Kors Hjelpekorps har søkt nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen om å få utvide gangbrua over Muru i Memurubu slik at det går an å køyre med snøskuter over brua.

Hjelpekorpset skriv i søknaden at dei siste vintrane har det vore vanskeleg å krysse elva ved Memurubu. Dette kan by på utfordringar både når dei skal utføre stikking av løypa mellom Memurubu og Glitterheim, og ved leiteaksjonar om det skulle vere ope råk i elva slik at ein ikkje kan krysse på forsvarleg måte.

Gangbrua over elva er cirka 90 centimeter brei, men for å køyre over med snøskuter må den vere cirka 170 centimeter brei.

Ei eventuell utbetring av brua vil bli gjort i samarbeid med Memurubu turisthytte.

I tillegg til søknad om å utvide gangbrua, søkjer hjelpekorpset også om løyve til å bruke snøskuter for transport av materialar til brua, samt å bruke snøsnkuter til og frå byggjeplassen til brua er ferdig. Dette vil gjelde 4-6 turar frå Gjendesheim til Memurubu.