– Da vi fekk beskjed om at vi fekk kjøpe Nordberg skule, vart vi svært glade. Skjåk kommune har jobba raskt, effektivt og kompetent med denne prosessen, rosar Afrim Karsniqi.

Han fortel at dei har planar om å etablere ein svært spesiell skule, ein skule med minst 50 elevar - kanskje opp mot 100 – som skal undervisast, lære og bu i Skjåk. Elevane skal ikkje vera norske, men frå USA, Russland og Kina, tre land som sjeldan er einige.

– Og det er litt av poenget. Vi har allereie lagt ned mykje tid, arbeid og pengar i prosjektet. Vi er i god kontakt med interessentar i dei tre landa, som ser dette som eit svært spennande konsept. Desse elevane, som har råd til å koma til Norge og Skjåk for å gå på skule, vil vera ressursterke – og da har dei gjerne ressurssterke nettverk òg. Å gå på skule saman, bu saman og oppleve spennande ting saman, knyter sterke band. Kanskje finn russaren ut at kinesaren og amerikanaren faktisk ikkje er så verst. Utan å bruke for store ord eller prate med store bokstavar, har vi eit ideelt mål med prosjektet. Målet er sjølvsagt å skape aktivitet og arbeidsplassar, men det er òg å gjera noko positivt for menneska og verda vi bur i. Dersom målet hadde vore å tene mest mogleg pengar, hadde vi satsa på heilt andre ting, seier Afrim Krasniqi.

– Kva skal elevane lære på denne internasjonale skulen?

– Om Norge, om fjell, vidde, friluftsliv, jakt, fiske.

– Kvar skal dei bu?

– Vi ser føre oss å byggje eit hybelhus på eigedomen. Det er det beste, slik vi ser det. Dersom elevane skal bu «her og der» ute på bygda, blir ikkje samhaldet og samarbeidet like godt som når dei bur saman, svarar Afrim Krasniqi, som slår fast at lærarane på skulen skal vera dyktige og godt utdanna, men ikkje berre det: Dei skal helst vera lokale.

– Det vil bli ein del arbeidsplassar, og vi ser føre oss å samarbeide med lag og organisasjonar som har aktivitetar innanfor det skuleundervisninga tek føre seg. Vi har tru på positive ringverknader på både den eine og andre måten.

– Kva med investorar?

– Vi ser helst at vi får norske, eller i alle fall nordiske, investorar. Det er viktig at skulen er nøytral, og derfor blir det ikkje særleg fornuftig med investorar frå land elevane er frå, svarar Afrim Krasniqi.

Dersom alt går som planlagt og utan problem, ser brørne Afrim og Liridon Krasniqi føre seg at den internasjonale skulen i Nordberg i Skjåk skal opnast hausten 2019. Fram til da blir det travle dagar.

– Når eg svarar hausten 2019, vil somme kanskje seia at det er eit urealistisk mål. Vi ser det ikkje slik. Det er klart vi kan møte skjær i sjøen, men så langt har vi berre møtt positivisme og engasjement når vi har lagt fram planane våre. Dette er nytt – og det er viktig. Det skjønar dei vi pratar med, om det er kontaktar i Kina, Russland og USA – eller om det er potensielle investorar i Norden, svarar Afrim Krasniqi.

Dei entusiastiske brørne er frå Gvarv i Telemark.

– Er du kjend i Gudbrandsdalen frå før?

– Eg er godt kjend i Gudbrandsdalen, og eg ynskjer å bli mykje betre kjent! Blant anna har eg hytte i Øyer. Der er eg ofte, svarar Afrim Krasniqi.