Lastebil i grøfta

Ein lastebil har velta på riksveg 15 mellom Vågåmo og Lalm.

I grøfta Sjåføren av lastebilen kom uskadd frå velten på riksveg 15.   Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Like etter klokka 13.30 torsdag køyrde ein lastebil av vegen og velta i Holungsøyom, 6,5 kilometer aust for Vågåmo.

Lastebilen var lasta med øl og brus. Sjåføren er uskadd.

Operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt fortel at sjåføren av lastebilen måtte leggje seg ut på grunn av møtande trafikk, og kom såleis for langt ut i brøytekanten.

Det er bestilt bilberging og vegen kan bli stengt medan ein får lastebilen på vegen att.