På dagtid denne laurdagen spelar trioen på Nord-Fron bibliotek og på kvelden har dei konsert på Vågåmo skule. Båe konsertane er gratis.

Sandum trio består av Øyvind Sandum (torader/einrader/trekkspel), Rikke van Ommeren (torader/einrader) og Vegard Moshagen (trøorgel/piano). Sandum trio si første plate vart nominert til Spellemann 2015, og oppfølgjaren har også hausta lovord.

Kjenneteiknet på Sandum trio er variasjonen mellom det lette og lystige, og det vare og lyriske.

– Vi lovar dei som kjem og høyrer på, ei variert og triveleg konsertstund, ein konsert med både vare og humoristiske slåttar, seier Øyvind Sandum.

På konserten vil det bli presentert både tradisjonell norsk folkemusikk, nykomponert musikk og nokre innslag frå irsk og canadisk tradisjonsmusikk.

Med andre ord ein triveleg start på fyrste helga i 2018.