Leiar Magne Thorstad fortel at 14 personar er knytt til senteret. Dei har eit godt samarbeid med NAV Lom og Skjåk, og Thorstad håpar på liknande samarbeid med NAV Vågå.

– Vi tek på oss mange varierte arbeidsoppgåver. Det er ope for kven som helst å kjøpe tenester av oss, men vi prioriterer eldre og uføre, seier Thorstad.

Han fortel at dei har utstyr som snøskuffe og plenklyppar sjølve, slik at folk ikkje treng å tenkje på dette.

Det vil bli ei overgangsperiode i januar og februar der småjobbkarane i Vågå vil ta nokre oppdrag eller formidle vidare til Dei gode hjelparane.

– Det er bra nokon vil ta over etter oss, seier Oskar Skogen og Ola Runningen.

Dei gode hjelparane vart etablert i 2012 i Skjåk.

– Vi vil og vere eit tilbod til pensjonistar som vil vere aktive, seier Magne Thorstad.