Liens Sykkel og Sport har seld fyrverkeri i Skjåk i ei årrekkje, og Omar Lien har mange års erfaring som fyrverkeriseljar i verksemda.

Noreg har eitt av verdas strengaste regelverk for fyrverkeri, og Omar Lien ber folk om å bruke sunn fornuft når nytt år skal skytast inn.

– Hugs at fyrverkeri er sprengstoff, og at det er ditt ansvar. Det er viktig å vera edru og fylgje brukarrettleiingane til dei ulike produkta. Utset verken deg sjølv eller andre for fare, seier Lien.

Han understrekar kor viktig det er å bruke vernebriller når ein skal sende opp fyrverkeriet.

– Det er utruleg viktig å ha på seg briller, og heile vegen tenkje tryggleik. Hald aldri eit tent fyrverkeriprodukt i handa. Bruk eit tennrør, ein sigarett eller ein stormlighter når du skal avfyre, seier fyrverkeriseljaren i Skjåk.

Omar Lien ber også folk om å vise omsyn til både menneske og dyr.

Mange firbeinte reagerer med frykt og stress på bråk frå fyrverkeri. Mellom anna blir tusenvis av kattar og hundar vettskremde når det brakar laus med fyrverkeri på nyttårskvelden.

Det finst mange gode råd og tips for redde kjæledyr. Om hunden eller katten din er redd bør den ikkje vera aleine heime nyttårskvelden.

På nettsida Dyreklinikk.no kan du lesa fleire gode råd om kjæledyr og fyrverkeri.

Når det gjeld oppsending av fyrverkeri har dei fleste kommunar i sine politivedtekter eit generelt forbod mot bruk av fyrverkeri, men gjev dispensasjon for bruk på nyttårskvelden i eit oppgjeve tidsrom.

I Skjåk kommune er det, i fylgje politivedtekta, tillate å sende opp fyrverkeri ein time før og ein time etter midnatt, altså i tidsperioden 23.00-01.00.

I Vågå kommune er det lov å sende opp fyrverkeri frå klokka 20.00 nyttårskvelden, og fram til klokka 02.00.

I Lom kommune si politivedtekt er det ikkje oppgjeve noko tidsrom for oppsending av fyrverkeri.

Operasjonsleiar Tom Eirik Midthaug i Innlandet politidistrikt opplyser til Fjuken at så lenge det ikkje er oppgjeve tidsrom i den lokale politivedtekta, så er den generelle regelen at ein kan sende opp fyrverkeri frå klokka 18.00 nyttårskvelden, og fram til klokka 02.00 om natta.