To lokale Lotto-millionærar i år

2 av årets 279 heldige spelarar som kan titulere seg som Lotto-millionærar er ottadølar.

To lokale millionærar: Skjåk og Vågå fekk kvar sin Lotto-millionær i år.  Foto: Illustrasjon/ Norsk Tipping

Nyheiter

Heile 532 spelarar har vorte millionærar på eitt av Norsk Tipping sine spel i 2017.

279 av millionærane er Lotto-millionærar.

I løpet av året fekk to heldige ottadølar millionbeløp inn på bankkontoen sin:

* Laurdag 24. juni vann ein mann frå Vågå heile 8 millionar kroner i Lotto.

* Laurdag 16. september vann ein mann frå Skjåk 1 million kroner i Lotto.

I fylgje Norsk Tipping sin vinnarstatistikk er Akershus det fylket som har flest millionvinnarar, etterfylgd av Oslo og Hordaland. Oppland ligg på ein 12. plass.

I perioden 1978-2017 har fem vagværar vorte millionærar i eitt av Norsk Tipping sine spel. Lom har fått 4 Lotto-millionærar sidan 1978, medan i Skjåk har 3 personar vorte Lotto-millionærar i denne perioden. I kveld, laurdag, går årets siste Lotto-trekning av stabelen, og det er lov å håpe at vinnarstatistikken for Ottadalen blir endra ...