Lom og Skjåk Padlegruppe er ei gruppe under Skjåk idrettslag, der ein ivrig gjeng padlarar har starta opp med organisert kajakktrening.

Målgruppa til den nyoppstarta padlegruppa er jenter og gutar i alderen 14-30 år som ynskjer ein meir «ekstrem» aktivitet enn «tradisjonelle» idrettar som ski og ballsport.

Kajakkutstyr er dyrt utstyr, og så langt har berre folk med eigne kajakkar delteke, og det har vore lånt ut privat utstyr til dei som har hatt lyst til å prøve. På bakgrunn av dette søkte difor Lom og Skjåk Padlegruppe om midlar frå både Sparebankstiftelsen DNB og frå Gjensidigestiftelsen.

Rett før jul mottok padlegruppa 60.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, og 63.800 kroner frå Gjensidige-stiftelsen.

Pengane skal brukast til innkjøp av utlånskajakkar.

Oppstartdatoen for organisert kajakktrening innandørs er 15. januar, og utandørs 1. juni.