Romjulsrenn i Lia

27 skiløparar stilte til start i romjulsrennet i Lia 4. juledag.
Nyheiter

Nysnøen som har dala ned i Ottadalen har skapt flotte forhold for dei som er glade i å gå på ski.

4. juledag arrangerte Lom idrettslag romjulsrenn i Lia, der 27 skiløparar stilte til start.  

Peder Sperstad i idrettslaget sa at dei håpar å føret og vêret held seg framover. Sist vinter fekk idrettslaget arrangert to skirenn i Lia, før mildvêr gjorde at dei måtte flytte til Botn i Skjåk.

Romjulsrennet var opptakta til vinterens ljosløyperenn. Det fyrste rennet er tysdag 9. januar.