Fotballcupen i Vågåhallen fjerdedag jul er ein fast tradisjon. I år var det 15. gongen at Vågåkøppen vart arrangert.

Det er «This is Finna» - Liverpool-supportarane som er arrangør, saman med Tor Andvord i Uteliv Vågå.

Det stilte 15 lag i året romjulscup; fem damelag og ti herrelag. I løpet av vel seks timar vart det spela 40 kampar før vinnarane vart kåra.  Dommarar var Erik Skjellum og Roger Øyjordet.

Eit trufast publikum held ut dagen og stemninga på tribunen steig i takt med spenninga i sluttspelet.

I år som i fjor var det «Patetico Madrid» med vagværen Sivert Øien Bakke og kameratar som vann. I finalen vann laget 4-0 over «Dynamoom».

I damefinalen møttest fjorårsvinnarane «Jingle ladies» frå Lom og «Nederlaget».

«Nederlaget» kom til finalen etter ein nervepirrande og jamn kamp mot «Generasjon prestasjon» frå Lom. Etter to ekstraomgangar gjekk «Nederlaget» sigrande ut av kampen og sikra seg finaleplassen.

I finalen var «Nederlaget» suverene og vann finalen mot «Jingle ladies» med 3-1.

Opp gjennom åra av Vågåkøppen har vågåjentene vunne finalen fleire gonger. Da er det vel kanskje på tide med ei revurdering av namnet?