– 11 år gamal fekk eg låne kameraet heime, med ein ny 36-bilders filmrull. Til foreldra mine sin store skrekk kom eg att med 36 bilde av den nye sykkelen min saman med nysgjerrige kyr ute på eit jorde.

Rita skrattar. Både motiv og fotoutstyr har endra seg sidan den gongen.

– Eg kjøpte det fyrste digitale speglreflekskameraet i 2006, og sidan balla det berre på seg.

Ho er sjølvlært, har prøvd og feila og styrer unna automatikken på kameraet.

– Eg brukar berre manuelle innstillingar. Eg vil rå over bilda, og forstå kvifor bilda blir slik dei blir når eg sjølv rår over innstillingane.

Rita har eige firma, og sel bilde til både private og bedrifter. Ein fotodag for henne er ikkje heilt lik andre sine arbeidsdagar.

– Det kan vera at eg dreg ut ved tre-tida om morgonen, og kjem heimatt rundt høgst dag med 1.000 bilde på brikka.

Da er det til å behandle, systematisere bilda og slette over 90 prosent for å finne dei få verkeleg gode blinkskota.

Rita har eit varierande energinivå på grunn av kronisk sjukdom, og det kan vera vanskeleg å planlegge dagane. Ho må sjå an dagsformen.

– Det har teke ein del år å akseptere at det er slik. Det står ikkje på viljen.

Den beste medisinen er å vera ute. Sitja timesvis under kamuflasje og vente på dei rette augeblikka. Det gjev energi og ho taklar betre smerter.

– Eg jaktar på opplevingar, og når eg plukkar ut bilde etter å ha vore timesvis ute i naturen, vel eg dei bilda der sjølve opplevinga kjem best mogleg att.

Det var dette med «jordbærstaden» hennar da.

– Han er «hemmeleg», smiler ho.

Der finst «alle fugler små de er», ekorn, rådyr, hjort, større fuglar, grevling, rev ...

Fuglane et av hendene hennar, og ho er på fornamn med ekorna.

– Ein dag var det 14 ekorn rundt meg på ein gong. Gu’fri kor dei kjefta på kvarandre, skrattar ho.

Våren er favorittida. Da trekkjer Rita oppover og innover fjellet etter som fjellvegane opnar og naturen vaknar til liv.

Ho har etter kvart vorte ein skikkeleg fuglekjennar, og har fått mange kontaktar i det ornitologiske miljøet.

I henne har hobbyornitologen Per Bådshaug ein verdig arvtakar.