Frå nyttår overtek kommunane oppgåva med borgarleg vigsel. Sermonimester Unni Plassen Brennsletten tykkjer at dette er synd - å gifte folk er ei triveleg oppgave, og det er moro å få vera med par på slik ein dag. Dette var hennar 7. vigsel.

På solsnudagen vart Kristine Ødegård, fødd Stadeløkken frå Sel, og Eli Ødegård frå Vågå vigde. Dei bur nå saman i Vågå, og var einige om at å gifte seg var rett. Kristine er utdanna innan helsefag, og Eli er sakshandsamar i byggesaker. Gjestebod vil dei ha til sommaren. Dei har vore ilag halvanna år.

Dei fortel at dei har fått mykje støtte i bygda etter det vart kjent at dei var eit par. Sleivete kommentarar har helst funne stad i festleg lag, men stort sett er norddølane eit frisinna folkeferd. Det kjem vel godt med at dei har vore vant med likekjønna sambuarskap heile tida etter krigen.

Det var ein fin vigselssermoni. Det vart opplese vigselsteksta, deretter vart det lese eit dikt. Bordet var pynta med juleblomar og talglys. Dei var tydeleg rørt av stunda lykka og alvoret. Forloverar, foreldre og vener fekk del i den høgtidelege stunda.

Foto: Eirik Haugen