– Ein liten god gjeng på fire tok årets julevask i Vågåvatnet, fortel Mari Arnøygard Wedum.

Ho og Tora Sandbu, Mona Kleiven og Hans Magne Helland hoppa i «sjøen» laurdag morgon. Over 60 var inviterte til dette spreke påfunnet.

– Dei som ikkje kom, gjekk verkeleg glipp av den friskaste starten på jula. Men det blir ny sjanse neste år, for tradisjonen er med dette starta, seier Mari.