Trine Turtum (22) fekk oppfylt draumen om eit småbruk da ho i februar i år tok over Haugen i Skogbygda. Eller Skogbygdshaugen som staden også blir kalla.

Som ungjente var Trine ofte innom hjå Ola Haugen, onkel til mor Tone. Saman med Ola kunne ho sitje å bla i Bondebladet. At ho ein del år seinare skulle sitje som eigar av småbruket, var ikkje i tankane den gongen.

– Eg har støtt ynskt meg eit småbruk, seier Trine.

Ho tok over bruket og flytta til Skogbygda i februar. Gammelonkel Ola flytta inn i huset til besteforeldra hennar ovanfor vegen.

– Eg vil heller bu i ei gamal tømmerstugu enn i eit kvit leilegheit i Mo’om, seier ho.

Trine fortel at ho fekk interesse for gardsdrift medan ho arbeidde hjå Arvid Mæland på Klones. Ho har også vore avløysar i Sjårdalen.

På garden har Trine mange hus å ta vare på. Eldhus, låve og fjøs, stabbur. Gammel- låven står der salrygga.

På Haugrud ovanfor vegen står det også to gamle hus. Det eine er verkstaden etter Per Haugen, som var treskjerar. Ein gamal stall som stod der, har ho seld.

– Det er betre å selja til nokon som vil stelle i stand att husa, enn at det står og forfell, seier Trine.

Tømmerstugu på Haugen er frå cirka 1900. Trine fortel at ho vil setje i stand huset slik at det blir meir lettvint å bu der. Ho har ikkje bad eller klosett. Det står øvst på ynskjelista.

– Ein får ta ting etter kvart, seier ho.

I fjøset har Hermod Skålsveen leigd plass for sauen sin, som Trine er glad for å stelle med. I stallen står to hestar.

– Det er triveleg når det er dyr på garden, seier ho.

Trine fortel at ho hadde prata på å ha ammekyr eller sau, men da ho fekk spørsmål frå Hermod om å ha sauen hans, var ho ikkje sein om å svare ja. Hermod leiger jorda på garden. Setra ligg ved bommen til Slådalsvegen; Borgasetra.

Er det noko Trine saknar, er det utsikta frå heime i Sveaholen. På Haugen er det rett på elvegjelet av Finna.

– Men det er fin utsikt frå setra, innover Finndalen. Mamma seier at ein ikkje lever av utsikta, seier Trine.

Trine arbeider ved Brimibue i Lom. Det var Arne Brimi og dottera Tina som spurte om Trine ville vere med i restauranten som opna i juni sist sommar.

– Eg var usikker om eg ville vere med, men plutseleg var vi i gang. Eg trivst med å arbeide i restauranten, men eg likar nok betre å arbeide med dyr enn folk. Eg saknar å drive i fjøset, seier ho.

Det blir lange dagar borte frå småbruket i Skogbygda. Ho er ikkje heime att før ved halv ni-tida om kveldane. Da er det fôring og vatning av dyra. Reinske hjå hestane.

– Når eg er ferdig med å gjere det eg skal her, er det plutseleg natt, seier ho.

Trine trur Ola er glad for at det er dyr på garden.

– Han følgjer med når det lyser i fjøset. Det er nok ikkje så tidleg som han var van med, seier ho og ler.

Denne dagen kjem venninna Elin Beate Galstad innom. Ho studerer fysioterapi i Oslo, og venninna får ei varm velkomst av Trine. Dei to har avtala ein ridetur seinare på dagen.

Hausten 2014 var dei to veninnene på ei tre månaders reise i USA, Alaska, Peru og Afrika.

– Før eller seinare skal vi til Nashville og høyre på country, seier Trine.

Døra står støtt open hjå Trine. Det kjem ofte innom folk etter at ho er komen heim frå arbeid i Lom. Etter at fjøsstellet er unnagjort, vankar det gjerne kaffe og kveldsmat, sjølv om klokka tikkar mot natt.

– Eg er oversosial. Det er greitt med stutte netter, seier Trine Turtum.

Ved kalde vinterdagar har Trine to vedomnar ho skal fore med ved. Foto: Arve Danielsen
Venninna Elin Beate Galstad tykkjer Trine er tøff som satsar framtida si på eit småbruk i Skogbygda. Foto: Arve Danielsen
Trine tykkjer det er triveleg å ha dyr på garden. I stallen står to hestar ho har fått låne. Foto: Arve Danielsen
– Eg vil heller bu i ei gamal tømmerstugu enn i ei kvit leilegheit i Mo’om, seier Trine Turtum. Foto: Arve Danielsen