Han har lagt bak seg fleire svært tøffe år, men nå ser han endeleg ljos i tunellen. Frå å vera tungt medisinert, har han nå ein kvardag heilt utan tablettar - og han er friskare enn på mange år. På tur til å bli frisk, rett og slett. Det aller meste, meiner han, skuldast gode samtaler, endring av kosthald og tilføring av ulike kosttilskot.

– Det høyrest sikkert litt «skrullete» ut, men eg kan berre fortelja korleis det vart for meg. Det er ingen tvil om at endringa eg har hatt er formidabel. Det vil eg gjerne at folk skal vite, i håp om at andre der ute, som slit – kan få hjelp, seier han.

53 år gamle Stein Heggebotten er det vi kan trygt kan kalle ein traust skjåkvær. Han er roleg, sakleg og tenkjer seg godt om før han seier noko. Han reiste frå skjåkbygda i 1987, til Oslo for å arbeide. Han var frisk og fin, eller «normalt sprek», som han sjølv uttrykkjer det. Etter kvart bestemde han seg for å heim att til Skjåk. Saman med den yngste syster si dreiv han Sota sæter i fire år, frå 1999 til 2003. Deretter vart det Oslo att ei runde til. Han arbeidde og pendla att og fram mellom hovudstaden og Skjåk. Etter kvart kjende han på at pendlinga tok til å bli slitsam.

– Eg fann ut at eg ville flytte heim att. Eg var heldig og fekk arbeid på Glasitt i 2009. Dessverre tok det ikkje lang tid før eg vart sjuk. Det skjedde heilt plutseleg, fortel Stein.

Han hadde vore forkjøla nokre dagar. Kjende seg ikkje i form. Ein dag fekk han eit krampeanfall og gjekk rett i golvet. Det var ei skremmande oppleving.

– Fyrst trudde legane at eg hadde fått slag, men det var ikkje det. Dei fann ut at eg hadde ein betennelse i ryggmargen, i nakken. Eg vart sendt opp og ned og att og fram mellom ulike sjukehus, men dei fann ikkje grunnen til betennelsen. Ei stund var legane nesten sikre på at det var MS, men så fann dei ut at det var ikkje det likevel. Sjølv kjende eg meg rådvill og redd. Legane sa at eg var eit «vanskeleg tilfelle» og at dei ikkje kunne spå kva prognosar eg hadde.

Stein Heggebotten prøvde å tenkje positivt, og han greidde seg bra ei stund. Men det var mykje som ikkje stemde. Finmotorikken vart dårleg, og det vart etter kvart vanskeleg å få med seg den eine foten. Ein dag han skulle besøkje foreldra sine, fekk han lyst til å springe.

– Men eg fekk det ikkje til. Det skjedde ingenting. Kroppen ville ikkje det hovudet ville. Det var skremmande. Utruleg ekkelt.

Det skulle bli verre. Mykje verre. Da han fekk sterke spasmar i føtene, særleg den venstre, var svaret frå sjukehus og legar å skrive ut tablettar. I tillegg til spasmene, fekk han nervesmertar. Det kjendest som straum i kroppen, særleg på venstre sida. Somme dagar var det vanskeleg å i det heile tatt gå over golvet. Etter kvart måtte han bruke krykker. Han kjende seg som eit vrak.

– Og da fekk eg nervesmertemedisin. Store mengder. Eg reagerte svært negativt på tablettane. Hugsen vart dårleg, eg følte meg som ein dement person. Og deprimert. Eg såg svært myrkt på det. Det var tungt å vera til, det må eg vedgå, fortel Stein.

Han ringde nevrologen sin og fortalde korleis han kjende seg. Legen var einig i at akkurat denne nervesmertemedisinen kanskje ikkje passa for han. Han ville skrive ut nokre andre tablettar. Det var i mai i fjor.

– Eg var skeptisk. Å koma inn i ein slik runddans med tablettar og medisinering er skummelt. All medisin har biverknader. Og... når du får uheldige biverknader, får du tablettar for det òg. Slik heldt det fram. Stadig fleire tablettar. Eg åt så mykje tablettar at eg mista heilt oversikta.

For nokre veker sidan skreiv Fjuken om Rita Irene Brekkum i Bråtå, som nyleg starta bedrifta «Helse til fjells». Stein Heggebotten kjenner godt Rita. Trass i at ho, over lang tid, hadde prata med han om kva kosthald og kosthaldstilskot kan gjera med kropp og sinn, høyrde han ikkje skikkeleg på henne. Det ville aldri hjelpe, tenkte han. Eigentleg var det litt masete, alt dette pratet om kosthald.

Men ein dag bestemde han seg for å gje det ei sjanse. Ta Rita på alvor.

– Det kunne jo ikkje skade, tenkte eg. I august i fjor starta eg med kosten, parallelt med at Rita og eg prata mykje om situasjonen eg var i og korleis eg hadde det. Vi hadde mange fine samtaler. Eg tok imot anna hjelp òg, blant anna med psykiatrien i Lom og Skjåk. Eg var jo skikkeleg deprimert, men det hjalp å prate. Dei er flinke. I september bestemde eg meg for å trappe ned på nervesmertemedisinen. Det gjekk bra. Deretter trappa eg ned på medisinen mot spasmer. Også det gjekk bra. Eg kjende at energien gradvis kom attende. Det sneik seg inn ein og annan positiv tanke òg, ler Stein.

Derifrå har det berre gått oppover.

– I dag er eg hundre prosent tablettfri. Eg et ikkje ein einaste tablett. Eg har litt spasmer nå og da, men ikkje mykje. Krykkene brukar eg nesten aldri. Eg går godt og held meg på føtene heilt utan desse.

Stein Heggebotten vil ikkje klage på helsevesenet eller på legar og sjukehus. Dei har fylgt han godt opp, seier han. Kalla han inn til sjukehusopphald, nye undersøkingar og kontrollar med jamne mellomrom. Sendt han til Sunnaas og Cato-senteret for å trene. Legane har konkludert med at myelinet, eller «isolasjonen», rundt nervetrådane i nakken er borte. Diagnosa er «Uspesifisert myelitt», ein betennelsestilstand.

– Det eg er kritisk til, er medisineringa, alle tablettane. Det er ein skrekkeleg runddans å koma inn i, seier Stein.

Somme med uspesifisert myelitt har sterke smerter, men det har ikkje Stein.

– Sjølvsagt har det vore travaleg og ubehageleg, men på ei anna side er det mange som har det mykje verre. Det tenkte eg da eg var på Sunnaas og Cato-senteret. Eg greier trass alt mykje sjølv – og i alle fall gjer eg det i dag. Det er eg takksam for.

Nå har han funne fram skia.

– Snart skal eg rusle meg ein tur på ski. Kven skulle tru at det kunne skje, når ein tenkjer på korleis eg var for berre få månader sidan? Eg tykkjer det er heilt utruleg, og eg er enormt takksam, seier Stein som har ein viktig bodskap til andre som slit, anten det er fysisk eller psykisk:

– Be om hjelp. Fortel korleis du har det. Det er ikkje farleg, og det er inga skam. Alle vil slite med eitt eller anna i periodar av livet. Og, mykje viktigare enn dei fleste trur: Ta kosthaldet på alvor. Det er mi oppskrift. Eg håpar andre finn trøyst eller håp i det eg har fortalt. Gje aldri opp!

– Eg åt så mange tablettar at eg mista heilt oversikta, fortel Stein. Foto: Vigdis Kroken