Grava vart tidfesta til 900-talet. Dei fyrste åra vart vikingfunnet synt fram i daverande Lom og Skjåk sparebank, men så var det andre som tok over. Alle oldfunn er statens eigedom, og dei siste åra har vikingskatten vore teke vare på av Kunsthistorisk museum i Oslo.

– Far syrgde over at mannsgrava vart flytta til Oslo. Han hadde eit stort ynskje om at funnet skulle bli verande i Lom, til glede for lomværar og andre, fortel Marit Rossehaug, dotter til Reidar.

Reidar somna inn tidlegare i år. Ein av dei siste dagane han levde, kom det fram at det vart arbeidd for at mannsgrava skulle koma heim att – og at det var gode sjansar for å lykkast i så måte.

– Vi las høgt for far ein liten notis i Fjuken, der det stod noko om dette. Vi stod ved senga til far da vi las notisen, og det var ei sterk stund. Det trilla ei tåre nedover kjaken hans. Han vart svært glad, fortel Marit.

Nå er det ikkje lenger berre ei moglegheit for at mannsgrava kjem heim att. Det er heilt sikkert. Vikingskatten blir ein viktig del av den nye utstillinga på Norsk fjellsenter, «Bergtatt», som skal opne i juni neste år.

Reidar Øyjordet likte ikkje så godt å prate om funnet han gjorde denne maidagen i 1984, han likte iallfall ikkje merksemda rundt det. Fleire aviser var på han, dei store Osloavisene òg, men Reidar takka nei til å bli intervjua.

– Han var litt knapp til å prate om det, ja, stadfestar Marit Rossehaug.

Eit par-tre år etter sa Reidar endeleg ja til å fortelja om dagen han fann mannsgrava. Han valde å skrive det i det lokale heftet Heim og bygd:

«Eit ordtak seier: Det er som det er tillaga!

Eg kan seia at det var slik for meg og, sundag den 27/5-1984 da eg fann mannsgrava nedunder Læshøa (Vetlhøa).

Sundagsmorgonen rann opp med sol og mildt ver. Nokre i familien vart samde om å ta ein tur til Aushøa - Læshøa. Før vi reiste sa eg dette:

– Når vi har drukkje kaffe inne på fjellet, kjem vi til å skilja lag, for eg vil gå Skutlevegen heimatt. Den vegen har eg aldri gått før.

Og slik vart det. Turen utvikla seg slik at eg kom heim lenge etter dei andre, men da med ei rik fangst.

Eg har gjennom tida synda mykje med at eg har gått einsleg i fjellet, men eg har alltid funne ut at utbytet av turen vert størst såleis. På den måten får eg tid til å studera både det som er langt borte, og det som er nærare.

Eg skilde lag med dei andre og tok fatt på turen som leidde meg til gravstaden. Eg sette meg på ein stein like nedanfor Sponset (d.e. namnet på ei innsnevring i terrenget) og tok fram kikkerten. Ei rype flaksa opp, gjorde nokre fine svingar før ho vakkert landa på ein rabbe nærare Myrskardet. Ein gauk prøvde seg i hardlaget, han sat på ein stein austafor meg. Dette var ei triveleg stund som ein legg seg på minnet.

I slike stunder kjem ein i tankar om mangt.

Meadalen som startar ved Graffer øvst i Vårdalen, har nok truleg vore ei naturleg ferdselsåre for folk som skulle til Bøverdalen og Sogn, eller omvendt. Denne ferdselsvegen gjekk truleg over dalen sørvest for Stymmet sæter, opp og forbi Vittingstjørna, gjennom Vittingsskardet og nedover forbi Hovdesætrane. Vegen kom ned i dalen sørvest for Glimsdal. Grunnen til at denne vegen ikkje gjekk gjennom Myrskardet og kom ned ved Ofigsbø har kanskje si naturlege forklaring.

Eldrihaugen er ein stor sandrande som ligg på baksida rett overfor Krøkje. På Krøkje ligg det ein tilsvarande rande. Mellom desse to grusrandane har det nok ein gong i tida vore eit stengsel som har laga eit vatn oppover mot Flå og Flåklypa. Ferdsla her til lands vart nok stengt av vatnet. Derfor kom vegen ned ved Glimsdal.

Asbjørn O. Slålien fortalde meg ein gong at det huset dei budde i før dei flytte inn på Krøkjehaugen stod på den nemnde grusranden ved Krøkje. Asbjørn fortalde at da dei hadde grave ned ca. 60-70 centimeter i tufta fann far hans eit garnsøkke av kleber. Dette skulle tyda på at det har vore eit brukt fiskevatn oppover dalen.

Eg vart sitjande lenge i tankar ved Sponset. Eg reiste meg og gjekk vidare. Eg gjekk og tenkte på at nordaust for Stymmet sæter ligg det mange små tufter. Både på Labben og Stymmet sætrar, som ikkje ligg så langt unna desse tuftene, har det vorte funne ein del oldsaker. I områda på andre sida av sætrane er det nokre dyregraver.

Medan eg gjekk slik med desse tankane hadde gauken gjeve seg med sitt, og rypa såg eg heller ikkje att. Eg rusla vidare nedetter råket.

Der råket svingar til høgre såg eg tydeleg at det hadde vore grave noko, og stein var lagt til på utkanten. Her sleppte eg meg ned på myra som ligg utpå bretten. Eg ville sjå etter om det var moltelyng der. Eg gjekk etter utkanten av myra i nordaustleg retning til myra enda ved ein bergskalle.

Dette berget har eg høyrt vert kalla Skålberget. Da eg kom oppå berget og såg meg om, vart eg vàr noko. Om lag 20-25 meter lengre borte, som vert andre enden av Skålberget, var det ein liten daud flekk i vegetasjonen. Eg undrast svært på kva dette var for noko. Eg gjekk fram til flekken. Kva kunne dette vera?

Medan eg stod og såg på denne daude bota vart eg vàr ein jarnbit. Eg trudde dette var ein bit av ein sledamei, han hadde den breidda. Eg sparka til han, men han sat fast. Eg var på tur til å gå vidare, men eg tenkte eg fekk prøva å draga opp denne tingen. Jarnet låg så ope at eg fekk fingrane under det. Eg drog og fekk biten opp. Med det var jarnet omgjort til eit sverd! Det viste seg å vera 90 cm langt.

Der stod eg da med våpen i hand. Fyrste tanken eg fekk var: Kva gøymer seg bak dette?

Ei øks og ein pilspiss vart funne med det same. Det vart grave og funne meir den 31/5-1984. To meter frå grava stod det ei lita furu som var merkt av naturen på ein særleg måte. Ho var merkt med borkeflekking og noko raudbar. Her kom løysinga på den daude vegetasjonen eg vart vàr. Ein hjort har i brunsttida stått der og skura horna mot denne furua. Bakføtene på dyret har da trakka kjerr og lyngtorva daud. Det var hjorten med sin natur som var med og gjorde at eg fann grava.

Eg fylgde råket til eg kom ned att ved Steinflaten, forbi Kusletta og ned til Fossberget. Dette råket har vel og vore ei grein av ferdselåra som i si tid truleg gjekk gjennom Meadalen. Det var og kløvvegen opp til sætrane.

Eg vil til slutt nemna at Kine og Kåre Sveinhaug fekk mykje arbeid med dette gravfunnet. Det var dei som, gjennom brev og besøk i Oldsaksamlinga fekk ordna det slik at funnet fekk sin plass i Lom, der det og høyrer heime.

Funnet innheldt: Eit sverd, ei øks, ein spjutspiss, ein kniv, ei fil, ei sølje og tolv pilspissar, i alt 18 ting. Plasseringa i grava var om lag slik som det heng i monteren i Lom og Skjåk Sparebank. Alle spissane på tinga vende same vegen, mot vest.

Arkeologar frå Universitetets Oldsaksamling, med vitskapleg assistent Brigitt Høyerdahl Larsen som leiar, var på staden og grov i 1985. Dei sluttførte arbeidet i 1986. Men kvifor grava vart liggjande der eg fann ho, nei, det får vi aldri vita.»

Vikingsverdet er intakt og i svært god stand. Foto: Kulturhistorisk museum
Reidar Øyjordet likte godt å fotografere, ofte med sjølvutløysar. Her drikk han friskt fjellvatn. Foto: Privat
Mannsgrava innheldt eit sverd, ei øks, ein spydspiss, ein kniv, ei fil, ei sølje og 12 pilspissar. Foto: Kulturhistorisk museum