– Jesus feirar berre éin gebursdag. Han er fødd i jula, også døyr han i påska. Han budde i ein stall i utlandet, seier Simen Bakke.

– Vi feirar jul fordi nissen kjem med gåver, seier Johanne Galde Tråstad.

– Ein må hente seg juletre i skogen. Men da er det ikkje pynta. Det må ein gjere sjølv heime, seier Thea Oline Kveen.

Dei tre førskuleungane i Holemork barnehage i Skjåk gler seg til jul. Snart er det juleferie, og da veit Simen, Johanne og Thea Oline at dei snart får julegåver.

– Julenissen kjem rett frå Nordpolen. Der bur han i iglo. Det er eit hus som er laga av klumpar med snø. Somme nissar er vanlege folk som berre kler seg ut, fortel Simen.

Han fortel at han i fjor hadde besøk av ei nissekjerring.

– Ho hadde kledd seg ut, for eg såg leppa hennar under ei maske som ho hadde i fjeset, seier Simen.

– Systrene mine kledde seg ut som julenissar ein gong. Det skjønte eg, seier Johanne.

Ho ynskjer seg barbie-dokkar, gyngehest og hårstrikkar til jul.

– Men eg veit ikkje om eg får alt det da, seier Johanne.

– Eg ynskjer meg ein skulesekk og eit penalhus, sidan eg skal byrje på skulen neste år, seier Thea Oline.

– Det heiter penal, kjem det kjapt frå Simen.

– Nei, penalhus, sa eg! svarar Thea Oline bestemt.

Simen ynskjer seg ein lastebil med gravemaskinhengar.

– Sjølvsagt må det vera ei gravemaskin oppå hengaren også, seier guten.

– Også ynskjer eg at mamma ikkje skal bli streng lenger. Ho er så streng somme gonger, men heldigvis er det ikkje ofte. Som regel er ho berre blid og tilfreds, seier Simen.

Johanne, Thea Oline og Simen har adventskalendrar heime.

– Eg har både ladekalender og pakkekalender, seier Johanne.

– Eg har ladekalender, og det er jammen god lade, seier Thea Oline.

– Eg har ladekalender eg også. Men eg skal spare alle sjokoladane til julekvelden, slik at eg kan ete alle på éin dag, seier Simen.

Han vedgår likevel at han har ete nokre av sjokoladane allereie.

– Det er ikkje så lett å ikkje ete sjokolade veit du, seier Simen.

Thea Oline skal eta laks julekvelden, og det tykkjer ho er godt. Men ho kan fortelje at ho likar andre ting også.

– Eg likar faktisk mykje. Nissegraut for eksempel. Det er jælma godt. Da er det om å gjere å finne mandelen. I fjor fann eg han, og da fekk eg godteri, seier ho.

Johanne skal ete ribbe julekvelden.

– Det heiter ribbe fordi det er så mykje skinke rundt kjøtet, seier ho.

Simen fortel at ribba er laga av gris.

– Det er foten på grisen som heiter ribbe. Heldigvis er grisen død når ein skal eta ribbe, slik at han ikkje får sparka nokon med ribbefoten, seier Simen.

Alle tre likar å pynte seg. Dei to jentene fortel at dei skal ha på seg julekjole julekvelden. Simen har penskjorte og penbukse som han skal bruke.

– Jula varer i 10 dagar. Etter det er det vinter, seier Simen.

– Eg gler meg skikkeleg til julekvelden, for da skal eg vera hjå mormor, og da kjem sikkert julenissen dit, seier Thea Oline.

– Eg er litt redd julenissen, for han har så mykje skjegg, seier Johanne.

– Det er fordi han er så gamal at han har så mykje skjegg. Også bur han på Nordpolen og der han dei ikkje klippemaskin. Men om nissen kjem heim til oss fyrst julekvelden, så kan mamma klippe han, og da blir du ikkje redd nissen når han kjem heim til deg, Johanne, smiler Simen.

Og akkurat det tykte vi rett og slett høyrdes jælma lurt ut ...