Besseggen på 49 minutt

Fyrste juledag kan tv-sjåarane vere med og gå Besseggen på 49 minutter.

Besseggen: I haust viste NRK Besseggen minutt for minutt. I Jula kan ein bli med og gå turen på 49 minutt. Foto: NRK

Nyheiter

I haust sendte NRK Hedmark og Oppland Besseggen direkte, minutt for minutt. Gjennom dagen kunne folk på TV og nett følge turen frå brygga på Gjendesheim, via Memurubu, over Besseggen og tilbake til Gjendesheim. 

Dagen baud på vakker natur, mange møter med andre fjellvandrarar undervegs, redningsfolk og folk som livnærer seg av turismen ved Gjende.

Ulf Ryen i Vågå Røde Kors og Knut Erik Tessnes i Besseggenpatrulja er av flere lokale folk som kjem på NRK 1. Juledag. Programmet går i reprise på NRK 2, 4. Juledag.

Programmet frå Besseggen er produsert ved NRK sitt distriktskontor på Lillehammer.

Fotograf og redigerar er Terje Gording Hong. Even Lusæter frå Heidal/Vågå er reporter og kulturformidler undervegs, Ivar Arne Nordrum er programleiar. Karianne Stordal er ansvarleg for prosjektet som redaksjonssjef, og minutt for minutt-generalen i NRK.

Kvile på Bandet: Even Lusæter er reportar, programleiar Ivar Arne Nordrum, fotograf Terje Gording Hong, Knut Erik Tessnes frå Besseggenpatrulja og Thomas Hellum frå NRK. Foto: NRK