Den andre bodgjevaren vart intervjua over telefonen. Desse to hadde dei to høgste boda, det eine på 450.000 kroner, det andre på 420.000 kroner.

Skjåk kommune har heile tida sagt at det ikkje er prisen som vil vera utslagsgjevande når det gjeld kven som får kjøpe skulen. Det er prosjektet og forretningsideen.

Kva planar dei to bodgjevarane har, har det ikkje lykkast Fjuken å få informasjon om førebels.

Rådmann Svein Holen fortel at dei fredag hadde konstruktive samtalar med båe to. Han karakteriserer forretningsideane som både interessante og spennande.

–  Men meir enn det kan eg ikkje seia førebels. I dag sjekkar vi referansar og litt forskjellig. Kanskje har vi noko nytt å fortelja kommunestyret med det aller fyrste, men det gjenstår å sjå. Vi håpar på ei avklaring innan stutt tid, seier Holen.