Miljøstasjonen i Bismo blir som kjend lagt ned, etter at Skjåk kommune vedtok å flytte den kommunale miljøstasjonen til Aurmo.

Fyrste opningsdag i Aurmo blir fyrstkomande onsdag. Opningstida på miljøstasjonen i Skjåk blir uendra, med ope kvar onsdag.

Det er Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) som skal ha det daglege driftsansvaret for den nye miljøstasjonen i Aurmo.

Bakgrunnen for ynsket om å flytte miljøstasjonen frå Bismo, er at Skjåk kommune ynskjer å leggje til rette for ei utviding av arealet for bedrifta Glasopor AS. Kommunestyret vurderte fem alternative lokaliseringar i møte i mars, der industriområdet i Aurmo samla sett vart vurdert som mest eigna.