Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Therese Aamodt Eggen i Lom. Ho fylte 2 år den 15. desember, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Therese vart gratulert i avisa av Tea, mamma og pappa. Ho fekk også helsing av Nikolai, Lukas, Kristoffer og tante.

Gratulerer med dagen, Therese!