Det lokale damekoret Gjeling-Ljomen har 20-årsjubileum i år, og alle år bortsett frå eitt år har dei invitert til julekonsert.

Tradisjonen tru var det konsert i Garmo kyrkje fredag kveld, og som vanleg var kyrkja fullsett med publikumarar frå heile Ottadalen.

Etter opningsnummeret «Det lyser i stille grender», gjekk det slag i slag med ei rekkje kjende og kjære julesongar, fram til dirigent Reidar Svare tradisjonelt avslutta julekonserten med «O helga natt».

Eller det vil seia: Det vart sjølvsagt ekstranummer, da eit overvelda publikum etter kvart sette seg att etter ståande applaus, og etter at Reidar Svare fekk i seg litt «stimulanse», som han sjølv sa.

Under ekstranummeret «You raise me up», var det nær ved at taket i Garmo kyrkje letta. Dette var rett og slett heilt fantastisk.

Den dyktige folkemusikaren og felespelaren Bjørn Kåre Bråten Odde medverka for niande gong på Ljomane sin julekonsert. Signe Lyngved leia publikum trygt gjennom kvelden som konferansier.

Mange meiner det ikkje blir jul før dei har fått høyrd Gjeling-Ljomen i Garmo kyrkje, og det blir ikkje betre julestemning enn å høyre julesongar som «Deilig er jorden», «Nordnorsk julesalme», «Stille natt», «Sjå tusen julelys» og «En stjerne skinner i natt», framført av det dyktige damekoret. O helga kveld for ein konsert! Det vart jul i år også!