Han trivst kjempegodt inne i fjellet, Vemund Kleiven.

– Eg likar jobben og ikkje minst dei eg jobbar saman med. Dei er svært dyktige og greie folk alle saman, seier han.

Lærling

I august starta lomværen opp som lærling hjå Skanska, etter å ha gått to år på lina bygg- og anleggsteknikk på den vidaregåande skulen i Lom, der han har studert fjell- og bergverksfag.

Arbeidsstaden til lærlingen er Nedre Otta kraftverk, på kommunegrensa mellom Sel og Vågå. Her er Vemund med på kraftutbyggjingsprosjektet Nedre Otta. Prosjektet har ein prislapp på 1,2 milliardar kroner, og er i dag landets største vasskraftprosjekt. Det er Skanska som er utbyggjar av kraftstasjonen som skal stå ferdig sommaren 2020, og som vil produsere nok kraft til over 15.000 husstandar.

– Det er utruleg artig å vera ein del av eit så stort prosjekt som Nedre Otta-utbyggjinga, seier Vemund Kleiven.

Han er tunnel- og bergverksarbeidar inne i fjellet, og jobbar skift. 12 dagar på, og 9 dagar av. Arbeidsoppgåvene til lærlingen består mellom anna av bolting og boring inne i fjellet. Han har også ansvaret for å laste opp sprengstoff-bilen.

– Eg ordnar også til salver som skal skytast inne i fjellet, og det er som regel eg som ladar dei nedre salvane, seier Vemund Kleiven.

Han tykkjer jobben hjå Skanska er spennande. Kvar dag blir det sprengd om lag 15 meter med tunnel inne i fjellet. I alt skal det bli over 11 kilometer med tunnelar. Sjølve kraftstasjonen blir bygd om lag 500 meter inne i fjellet.

Ikkje berre inne i fjellet

Ein kan kanskje tru at dagane blir utruleg lange og mørke når ein oppheld seg langt inne i eit fjell, men Vemund fortel at det slett ikkje er slik.

– Eg tykkjer tida går utruleg fort. Ein arbeidsdag er liksom over på litegrann. Dessutan er vi ikkje inne i fjellet heile tida. Som regel er vi inne i mørket berre nokre timar om gongen. Vi er ute att både når vi har matpause og når vi har kaffipausar. Også er vi ute att i andre samanhenger i løpet av eit skift, seier Vemund.

Inne i tunnelen der Vemund arbeidar, er dei fire tunnelarbeidarar og ein reperatør.

Fellesskap på brakkeriggen

Etter ein friperiode startar ein ny periode med arbeid på måndag ettermiddag. Da jobbar Vemund og kollegaene hans natt fram til torsdag. Frå fredag jobbar dei dagskift fram til friperiode att.

– Eg ligg som regel på brakkeriggen, sjølv om det ikkje er meir enn i underkant av ein time heim til Lom. Det er noko med fellesskapen. Det er tv-stove på brakkeriggen, så når vi er ferdige med arbeidsdagen er vi ofte samla der. Da blir det mykje tullprat og kaffedrikking, seier Vemund.

Det hender seg likevel at Vemund reiser heim til Lom.

– Når det er eitkvart eg skulle ha gjort, så reiser eg heim og ligg der ei natt innimellom, seier han.

Traktor er den store hobbyen til Vemund. Han har eigen traktor heime og har mange timar bak rattet.

– Det går mykje i rundballpressing og brøyting, seier Vemund, som eigentleg hadde ordna seg med lærlingplass hjå entreprenøren Kjell Magne Bøhle i Skjåk.

– Ein kan trygt seia at lærlingtida mi vart noko heilt anna enn å køyre traktor, seier lomværen.

Han var litt skeptisk og usikker på om han i det heile teke skulle søkje lærlingplass hjå Skanska.

– Eg søkte ikkje før heilt inntil fristen. Det var store diskusjonar i heimen også, på om dette eigentleg var noko for meg, smiler Vemund.

Allereie etter det fyrste skiftet var lomværen heilt sikker på at han hadde gjort det rette.

– Eg trivst utruleg godt her, med både jobben og folka som jobbar her, og om eg får høve til å fortsetja etter lærlingtida mi, så vil eg nok det, seier Kleiven.

Han er ferdig med lærlingtida si i 2019. Når Vemund har teke fagbrevet, er han utdanna fjell- og bergverksarbeidar, og om han ynskjer det, kan han da gå direkte opp til eksamen som skytebas, eller bergsprengar som det heiter i dag.

18-åringen frå Lom er éin av tre tunnel-lærlingar hjå Skanska i Nedre Otta-utbyggjinga, men den einaste lærlingen frå Ottadalen.