Butikksjef på Bunnpris i Skjåk, Grete Aune Ulen, fortel at det i desse dagar kjem store haugar med pakker til Post i Butikk-avdelinga, og enkelte dagar er det vanskeleg å få plass til alle pakkene som kjem.

– Måndag kom det fem fulle konteinarar med pakker. Det er utrulege mengder som kjem om dagen, seier butikksjefen.

Ho opplyser at folk i Skjåk stort sett er flinke til å hente pakkene sine, men oppmodar likevel dei som har fått ei hentemelding frå Posten om å hente pakka si så fort som mogleg.

– Det er utruleg viktig at ein har med seg hentelapp eller -kode når ein kjem for å hente ut pakka. Med dei mengdene med pakker som er i butikken nå, har vi korkje tid eller moglegheit til å finne att pakker utan at vi har hentekode, fortel Grete Aune Ulen.

Pressesjef i Posten, John Eckhoff, fortel at mange brukar Posten som gøymestad for julegåvene, for at nysgjerrige barn, ektefellar eller andre ikkje skal finne dei.

– Eg oppmodar alle til heller å finne trygge gøymestader heime, og hente pakkene raskt, for å hjelpe utleveringsstadene nå i den travle førjulstida, seier Eckhoff.

Og du: Posten oppmodar alle til å sende juleposten sin innan 16. desember. Da garanterer dei at posten kjem fram til jul. Dette gjeld innanlands post.