– Eg håpar vi kjem opp i eit bra tal annonsar med mange spennande stillingar, seier Live Opsahl Brimi, næringskoordinator i Vågå kommune.

I fjor fekk kommunen stor merksemd med stuntet av stillingssleppet i romjula, der 80 stillingar vart lyst ut.

Stillingssleppet skjer måndag 11. desember på kommunen si marknadsføringsside «Våg å leve» for å få tilflyttarar.

– Tilflyttartrenden er positiv, men vi må gjere ein ekstra innsats for å få folk til å flytte hit. Alle kommunar slit med folketalet. Vi ynskjer stillingar frå bedrifter i heile Nord-Gudbrandsdalen. Vi er trass alt ein bu- og arbeidsregion, seier Brimi.

Ho fortel at ein har lagt sleppet før jul for å ha eit apparat for å vere tilgjengelege når folk tek kontakt.

Sundag kveld var status for stillingssleppet: 41 faste stillingar og vikariat, 23 lærlingstillingar og 19 sesongstillingar.

Det er Offcenit som står for dei tekniske løysingane på nettsida «Våg å leve».