Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Therese Vole frå Lom. Ho fylte 6 år den 6. desember, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Therese vart gratulert i avisa av mor og far. Ho fekk også helsing av bestemor.

Gratulerer med dagen, Therese!