Anita Hegerland kjem til Skjåk kyrkje laurdag 9. desember saman med duettpartnar, tenor Lars Hansen. Han hausta mange lovord da han kom heilt til finalen i Norske Talenter i 2015.

Dei har invitert med seg Makeda, som imponerte i Stjernekamp på NRK tidlegare i haust.

Anita Hegerland er ein av Noregs mest folkekjære artistar gjennom 50 år. Ho er ein av få norske artistar som også har ein stor karriere i Tyskland, der ho framleis er ei superstjerne.

Hegerlands dotter Kaja (18) har fotoutstilling i Ramstadbue i Skjåk same dag. Kaja er avgangselev ved media-og kommunikasjonslina ved Sande vidaregåande skule.

Folk kan gle seg til ein storslagen, varm og vakker konsert i Skjåk kyrkje laurdag, og Anita, Lars og Makeda håpar å møte mange gamle og nye fans.

Fredag 15. desember vil Anita Hegerland ha julekonsert på Vågåheimen.