Medlemsmøtet i Vågå Ap gjekk torsdag kveld inn for å prioritere fiber  til Lemonsjøen, Randsverk og Sjodalen etter «Sjårdalsmodellen» og vil løyve 2 millionar kroner i budsjettet for 2018 for å få fiber til desse områda.

– Vi ser det som svært dramatisk at Telenor fjernar telefonlina frå Fluguhaugen til Gjendeosen. Dette betyr at heile området blir avhengig av mobiltelefoni og det er meget kritisk både beredskapsmessig og for å oppretthalde området som eit godt reiselivsprodukt, seier Geir Inge Stadeløkken, leiar i Vågå Ap.

Stadeløkken fortel utstyret til Telenor er gamalt, og at dei ikkje ynskjer å skifte ut dette. Telenor skulle etter planen ta ned telefonlina i haust, men dette arbeidet er utsett til februar neste år. Og dette er noko reiselivet ved Lemonsjøen, Randsverk, Sjodalen og Gjende har vore redde for skulle skje.

– Vi veit at reiselivet stadig opplever praktiske problem med mobilnettet, spesielt i samband med overbelastning, og at turistar reiser videre på grunn av dårleg eller manglende nett, seier Stadeløkken.

– Når mobilnettet er nede vil det ikkje vere noko alternativ. Det er ei utfordring når det gjeld beredskapen, legg han til.

Arbeidarpartileiaren fortel at det under medlemsmøtet i partiet torsdag kveld kom benkeforslag om å byggje ut fiber på dugnad.

Stadeløkken viser til at det offentlege og bygdafolket i si tid gjekk saman i Sjårdalen for å gje grenda tilgang på fiber. Dette vart ein suksess, og nå vil ein bruke «Sjårdalsmodellen» innover i fjellet også.

Stadeløkken seier at ein vil invitere med seg kommune, privatpersonar, næringsdrivande, hytteturistar og staten på ein dugnad for å gje fiber.

Vi er sikre på at den same dugnadsånda er til stades rundt Lemonsjøen, i Randsverk og i Sjodalen og at både næringsdrivende, bygdefolk og hytteturister vil støtte opp om dette, seier Stadeløkken.

– Er du sikker på at staten vil vere med på dette?

– Eg har ikkje store forventningar til det. Regjeringa har skore ned på satsinga av breiband til distrikta. Her må nok kommunen gå inn og gjere alt sjølve. Det nyttar ikkje å sitje med hendene i fanget og vente på at staten skal gjere noko, seier Stadeløkken.

Under budsjettbehandlinga i kommunestyret tysdag 12. desember, vil Vågå Ap koma med forslag om at Vågå kommune løyver 2 millionar kroner som sitt bidrag til dugnadsinnsatsen for å gje fiber.

– Det er realisme i å få gjennomført dette under føresetnad av at næringslivet og andre deltek, seier Stadeløkken.

Som ein liten kuriositet; Stadeløkken kunne tenkje seg å få inn ordet «Sjårdalsmodellen» i det norske språket som eit utrykk for den gode dugnadsånden med å byggje ut fiber.

– Vi er sikre på at dugnadsånda er til stades rundt Lemonsjøen, i Randsverk og i Sjodalen og at både næringsdrivende, bygdefolk og hytteturister vil støtte opp om dette, seier Geir Inge Stadeløkken i Vågå Ap. Foto: ARVE DANIELSEN