Julestemninga kom tidleg til Vågå i år. Verdsstjerna Chris Medina fekk ei varm velkomst frå ei fullsett Vågåkyrkje denne torsdagskvelden.

Med seg hadde han Eirik Næss, norsk artist og musikar som blant anna er kjent frå deltaking i Idol 2016. Han er også å sjå i band for artistar land og strand rundt, samt i husband på fjernsynsproduksjonar. Lars Støvland er pianist og har jobba med Chris Medina heilt sidan starten i 2011 og med Eirik Næss i 15 år. Han er å høyre som musikar eller arrangør for mange kjente artistar i både inn- og utland.

Chris Medina vart verdskjent da han i 2011 deltok i American Idol og i etterkant av dette gav ut superhiten «What Are Words», som toppa listene i Noreg i lange tider. Denne stod sjølvsagt på repertoaret denne kvelden, til stor glede for publikum.

Konserten i Vågåkyrkja baud på kjente juletonar i smakfulle versonar av trioen. Både amerikanske og norske. Men også andre originallåtar frå både Chris Medina og Eirik Næss, som slettes ikkje står i skuggen av verdsstjerna.

Ein av julefavorittane til Chris Medina er «White Christmas». Denne vart framført med tonar av heimlengsel av amerikanaren som har busett seg i Noreg.

Høgdepunktet under konserten om ein skal dømme etter jubelen og applausen frå publikum, var «O holy night», eller «Helga natt» som er den norske tittelen. Denne songen er sjølve sveineprøva når det gjeld julesongar, og Medina bestod med karakteren «meget godt bestått».

Vågå sangkor var invitert til å synge saman med Chris Medina på nokre songar. Dei opna med «Something kind of wonderful», før koret framførte «Hosanna» acapella.

På tampen av den halvanna times lange konserten song koret med på John Lennon sin store slagar; «Happy xmas war is over».

Konserten vart avslutta med songen som er viktig for mange i juletida; «Deilig er jorden».

Publikum vart oppfordra til å «opne syngetøyet», og dei var ikkje vonde å be. Med eit ståande publikum runga julesongen i Vågåkyrkja saman med songkoret, Chris Medina, Eirik Næss og Lars Støveland.

Vi kunne skrive at nå kan jula koma, men det står att ein konsert til i Vågåkyrkja før jula ringer inn over bygda. Tradisjon tru inviterer Vågå sangkor med gjestar til sin julekonsert den 22. desember.