For eitt år sidan vedtok kommunestyret at eigedomsskatten i Lom sentrum skulle bort i løpet av fem år. Det vedtaket står, til eit nytt er fatta.

Førre veke presenterte administrasjonssjef Ola Helstad framlegget til budsjett for formannskapet. Eit budsjett som vil føre til kutt i alle sektorar og fjerning av 10 årsverk. Denne veka vart framlegget formelt drøfta i det same organet.

Omkamp

– Eg har tenkt mykje på det vedtaket vi gjorde om eigedomsskatt i fjor, og vil tru at vi kan få ein omkamp, sa Marit Sletten (Sp).

– Vi har teke til orde for å innføre dette i heile kommunen før, og vi har moglegheit til det nå. Da kan alle vera med på det eg har kalla ein «dugnad» for noko som kjem alle til gode, sa Anne-Lise Marstein (Ap).

Ho går inn for å innføre ein differensiert eigedomsskatt i Lom.

– Ja, vi bør vurdere heile kommunen. Det var råflott å vedta å fase ut eigedomsskatten. Eg håpar på ein omkamp, sa Eilev Hellekveen (Lomslista).

– Eg har ikkje teke stilling til ei eventuell reversering, men det er ikkje berre enkelt å innføre slikt i heile kommunen, sa ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Det er eigne reglar for næringsanlegg og jordbruk og ein må òg finne ut om hus og hytter skal takserast eller om ein skal gå utifrå likningsverdi. Taksering har ei kostnadsside.

Ungdomsklubben

Formannskapet gjekk samla inn for å få inn att kroner til drift av ungdomsklubben og ein ynskjer heller ikkje å kutte støtta til friviljugsentralen.

Investeringar

Formannskapet gjekk elles inn for å flytte på planlagte store investeringar. Omsorgsbustader på Lien-tomta blir flytta fram i tid, slik at detaljprosjekteringa blir sett i gang neste år. Dette utgjer kostnader på 5 millionar i 2018, 24,5 millionar i 2019 og nær 30 millionar i 2020.

Store investeringar på Helseheimen blir utsett i to år. Dette er investeringar i storleik 110 millionar kroner.

Politikarane vil skaffe seg betre oversyn over både utgifts- og inntekstsida før dei gjer vedtak her.

Samarbeidstiltak

Kommunestyrepolitikar Jarmund Øyen har sendt eit brev til ordføraren der han etterlyser betre oversyn over kva regionale samarbeidstenester kostar.

– Det må bli høve til å kunne vurdere dei omfattande samarbeidstenestene i eit oppdatert kost/nytte perspektiv, som ein del av det årlege budsjettdokumentet, skriv han.

Øyen vil gjerne ha eit oversyn i god tid før kommunestyret skal vedta budsjettet, den 19. desember.

Ordføraren skriv i eit svarbrev at han har bede administrasjonssjefen om å innhente naudsynte grunnlagsdata for vertskommunesamarbeid og regionale samarbeidstiltak.