– Det er ei nisseglede å gje ei gåve til barnefamiliar som treng ekstra pengar å rutte med til jul, sa Mona Flatum  Moen og Heidi Strømstad frå Småbarnskafeen i Vågå da dei torsdag overrekte gåvekort på til saman 5.000 kroner til Nav Vågå.

Det var stedfortredande leiar Kari Flækøy Skjåkødegård som tok imot gåva frå Småbarnskafeen og som saman med kollegar på kontoret skal fordele pengane på fem familiar.

– Folk blir glade når dei får noko ekstra til jul, sa Kari Flækøy Skjåkødegård.

Dette var fjerde året at Småbarnskafeen deler ut pengar i form av gåvekort til småbarnsfamiliar gjennom Nav.

Småbarnskafeen arrangerer årleg to bruktsal av barneklede og utstyr, som gjev pengar i kassa. I haust vart det sett ny omsetjingsrekord med 87.000 kroner. Av dette får småbarnskafeen 25 prosent.

– Difor ynskjer vi å gje lite grann attende, sa Mona Flatum Moen.

I tillegg til Småbarnskafeen, har også Sjårdalen kvinnelag, Tessand hjelpeforeining og Vågå sanitetsforening gjeve bidrag som skal koma barnefamiliar og trengjande til gode før jul.

– Ein stor takk til alle som kjem med slike bidrag. Det er flott at friviljuge personar, lag og foreiningar legg ned innsats for dette, sa Flækøy Skjåkødegård.