Det sa vågåordførar Iselin Jonassen og fylkesvaraordførar Aud Hove da dei heldt kvart sitt foredrag for Kvinnenettverket Lom og Skjåk laurdag.

Formålet med Kvinnenettverket er få fleire kvinner, helst også yngre kvinner, til å engasjere seg politisk, ta posisjonar og vera med i fora som har betydning for bulyst, vekst og utvikling i lokalsamfunnet.

Korleis få kvinner fram? Korleis få fram eit tydeleg bodskap? Korleis våge å synleggjera seg sjølv, våge å ta ordet, våge å vera frampå? Iselin Jonassen og Aud Hove fortalde om sin veg opp og fram – kva dei tenkjer og trur – og kva tips dei har til andre kvinner.

Iselin Jonassen hadde ikkje rekna med å vera særleg «i vinden» da ho takka ja til å vera varaordførarkandidat for Vågå Ap i 2011. Ho takka ja fordi ho tenkte ho kom til å lære mykje og fordi det var ein viktig posisjon, men berre få dagar etter valet var situasjonen snudd på hovudet. Saka med Rune Øygard var under oppsegling, og Iselin Jonassen var plutseleg Vågås fyrstedame.

– Eg fekk inga opplæring, vart kasta inn i det. Det var ikkje alle i Vågå Ap som tykte det var ein god idè å i det heile tatt sleppe til meg, ei ung kvinne. Ein av dei sa til meg: «Du må hugse på det, Iselin, at ordførarstolen sit ikkje du i neste periode». Det var ei rar tid, men tidleg møtte eg viktige kvinner, sterke kvinner som kom med råd og oppmuntring. Dei betydde mykje for korleis eg handterte situasjonen. Anniken Huitfeldt var ein av dei. Kjersti Stenseng var òg ei god støtte, andre kvinner var det same. Med alle desse kvinnene som støttespelarar: Eg tenkte eg kunne greie det. Eg tek moglegheita, må tørre å gå vegen, fortalde Jonassen.

Ho sa fleire gonger at kvinner må tørre å ta posisjonar, og at det er viktig å få fleire kvinner inn i politikken.

– Men saka er slik at dei fleste vil stemme inn karar. Trass i gode vallister, med mange kvinner, er det gjerne karar som klatrar opp på listene, slo ho fast.

Iselin Jonassen tykkjer det er ei sann glede å arbeide som heiltidspolitikar i Vågå kommune.

– Å kunne utvikle samfunnet saman med andre, tykkjer eg er spennande. Eg er svært glad for at vi har fått ein kvinneleg ordførar til her i Nord-Gudbrandsdalen. Det gjer noko med heile miljøet, skapar eit mangfald og heilt andre moglegheiter for utviklinga, slik eg ser det.

Aud Hove er fylkesvaraordførar. Ho fortalde om sin veg til makt og posisjon. Ho var inne på mykje av det same som Iselin Jonassen, blant anna når det gjeld respekten for kvinner i politikken.

– I eitt av dei fyrste møta eg var på som kommunestyrerepresentant i Skjåk, var det ein som sa til meg: «Kven er det som passar ungane dine i kveld, da?». Ville vedkomande ha stilt eit slikt spørsmål til ein mann? undra Hove, og fekk latter frå salen. Sjølvsagt ikkje.

Aud Hove var 20 år i skjåkpolitikken. I dag sit ho som fylkesvaraordførar i Oppland fylkeskommune. Ho har takka ja til utfordringar og ja til moglegheiter.

Motivasjonen min er at eg er interessert i samfunnsutviklinga, eg ynskjer å ha ei stemme. I fylkestinget, som eg meiner er alt for «mjøstungt», tykkjer eg det er viktig å vera ei stemme frå Nord-Gudbrandsdalen. Eg vil prate «vår» sak. Nå er også eg heiltidspolitikar, og det trivst eg med. Eg har tenkt: Når andre kan, så kan vel eg òg, sa Hove.