Det knyter seg stor spenning til salet av Nordberg skule, og spenninga vart ikkje mindre da saksbehandlar Ove Jon Plassen orienterte formannskapet om stoda tysdag.

Det var ein litt løyndomsfull Plassen som fortalde om prosessen og kva som har skjedd så langt. Dei tre høgste bodgjevarane har fått brev frå Skjåk kommune, der dei vart bedne om å fortelja kva planar dei har for skulen.

– Vi fekk to svar innan fristen. Vi sit att med bodet på 450.000 kroner og bodet på 420.000 kroner. Korleis vi skal behandle saka vidare, er eg ikkje sikker på, men vi har alltid sagt at den eller dei som får kjøpe skulen må ha eit fornuftig prosjekt.

Ordførar Elias Sperstad slo fast at planane som så langt har kome fram frå dei to aktuelle kjøparane er «svært interessante», som han uttrykte det.

Formannskap og administrasjon vart samde om å invitere dei to aktuelle bodgjevarane til ein prat i Skjåk. Rådmannen tok til orde for at han gjerne vil ha med seg politikarar på dette møtet.

– Det handlar om å finne ut av kva vi meiner kan lykkast og kva som kan skape arbeidsplassar i Skjåk, sa han.

– Eg kan seia såpass at båe desse bodgjevarane har prosjekt som vil skape aktivitet, men på to heilt ulike måtar, sa Ove Jon Plassen, utan å seia meir enn akkurat det.

Per Lars Lien (Sp) uttrykte forståing for at skjåkværane er interessert i kva forretningsidear bodgjevarane har.

– Men eg har òg forståing for at dei som har ein god forretningsidè ikkje vil at dei skal koma ut, i tilfelle dei ikkje får tilslaget. I eit slikt tilfelle vil nok den som ikkje vinn fram gå vidare og prøve forretningsideen ein anna plass. Det er sikkert fornuftig å halde korta tett innåt bringa enn så lenge, sa han.