Saka blir nå sendt politiadvokat Eystein Husby til vurdering.

Saka vart politimeldt 2. august, og etterforskinga har halde på fram til nå.

Etterforskingsleiar Vilde Nårstad Drugli fortel at politiet har ein teori om kva som har skjedd.

– Utfordringa vil nok bli å bevise det. Nå blir saka sendt vidare frå oss, så da blir det opp til politiadvokaten å ta vurderinga i høve kva som skal skje vidare, seier Nårstad Drugli.

– Blir det nå sett endeleg punktum for etterforskinga frå det lokale politiet si side?

– Dersom einkvan sit på viktig informasjon, eller på tips av betydning dei ikkje har varsla oss om, er vi sjølvsagt opne for å ta opp att etterforskinga, svarar Nårstad Drugli.