I 2012 tok rådet for eldre og funksjonshemma i Vågå initiativ til eit småjobbprosjekt.

Ni personar har vore knytt til prosjektet som har teke på seg småjobbar som plenklypping, hafelling, felling av tre, rydding og snømåking.

38 personar har nytta seg av karane. I 2016 la dei ned 320 arbeidstimar. Nå vil ikkje karane meir.

– Om sommaren går det med 3-4 dagar i veka til plenklypping. Vi har snart ikkje att tid til oss sjølve, seier Kjell Sveen.

Både han og dei andre kan tenkje seg å bruke fine sommardagar til å gå turar i staden.

Dei er samde om at det har vore trivelege oppgåver. Karane set pris på mange trivelege møte med folk i bygda som har kjøpt småjobbtenester av dei.

– Det har vore like viktig å drikke kaffe som å slå plen, seier Olav Skogen.

Han trur dei kjem til å bli sakna.

– Folk set pris på at vi kjem, seier Hans Even Hagen.

Frå nyttår vil karane pensjonere seg på rett.

Nå spelar dei ballen til rådet for eldre og funksjonshemma.

Håpet er at yngre kreftar vil ta over.