Vågåjenta Torunn Stadeløkken (24) avslutta utdanninga som farmasøyt ved Universitetet i Tromsø med å skrive masteroppgåve om legemiddelbruk og legemiddelrelaterte problem ved dei fire sjukeheimane Skjåkheimen, Lom helseheim, Vågåheimen og Sel sjukeheim.

Høg deltakarprosent

– Målet med oppgåva var å vise korleis farmasøytisk kompetanse kan nyttast i sjukeheimane, seier Torunn Stadeløkken.

Ho fortel at det spesifikke målet var å kartleggje legemiddelbruken i sjukeheimane, identifisere og kartleggje legemiddelrelaterte problem og å samanlikne likskapar og ulikskapar ved sjukeheimane. Studien vart gjennomført i perioden august 2016 til januar 2017. Totalt 151 pasientar av 160 moglege deltok i studien. Dette utgjer ein deltakarprosent på 94.

Torunn Stadeløkken fortel at ho under gjennomføringa av studien fekk tilgang til sjukeheimane, pasientane og deira informasjon med krav om normal teieplikt.

Høge doser

Studien til Torunn Stadeløkken viser at pasientar ved dei fire sjukeheimane brukar mange legemidlar. Kvar pasient brukte i snitt 8,1 legemidlar til fast bruk, 3,6 legemidlar til behovsbruk og 0,2 som kurlegemidlar. Totalt 11,9.

Ho fann i snitt 4,5 legemiddelrelaterte problem per pasient. Dei vanlegaste legemiddelrelaterte problema var unødvendige legemiddel, for høge doser og interaksjoner (verknad av eitt legemiddel, påverka av eit anna). Det var forskjellar mellom sjukeheimane her, frå 2,7 til 5,7 legemiddelrelaterte problem per pasient.

– Dei legemiddelrelaterte problema vart teke opp og diskutert med tilsynslegane ved sjukeheimane, og legane var samde i 63,2 prosent av dei, seier ho.

Liknande resultat

– Det er ikkje gjort mange slike studiar av sjukeheimar i Noreg. Ei masteroppgåve frå 2016 som vart gjort i Tromsø og Lofoten, viser liknande nivå, seier Torunn Stadeløkken.

Ho viser også til ei svensk undersøking som kjem fram til liknande resultat som det ho har funne i sin studie.

I ettertid har Torunn Stadeløkken orientert dei tilsette ved Lom helseheim om studien. Dei andre sjukeheimane har fått tilbod om det same.

Dobbelt så mange

Studien til Torunn Stadeløkken viser også at 1,4 prosent av befolkninga i dei fire kommunane bur i sjukeheim.

– Dette er nesten dobbelt så mange som elles i landet, seier Stadeløkken.

Med mange fleire som har heimesjukepleie enn gjennomsnittleg i resten av landet, meiner Torunn Stadeløkken at dette er ein indikasjon på at delen av eldre personar er større i distrikta enn i byane.

– Denne folketalsutviklinga viser at det er nødvendig å fokusere på kommunefarmasi i distrikta, så vel som i byane, seier Stadeløkken.

Ho viser til samhandlingsreforma der kommunane i større grad tek imot pasientar frå sjukehusa.

Kompetanse

– Det er viktig med farmasøytisk kompetanse for å få best mogleg behandling. Ein farmasøyt har anna kompetanse på medisin enn det doktorar og sjukepleiarar har, seier Torunn Stadeløkken.

Grunnen til at Torunn Stadeløkken valde å utdanne seg til farmasøyt, er at ho er glad i kjemi og likar å arbeide med folk. Den 1. august byrja ho som farmasøyt ved Apotek1 i Lom.

Saman med rettleiarane sine ved universitetet i Tromsø, skal ho skrive ein artikkel med resultat frå studien sin til eit internasjonalt helsetidsskrift.

– Målet med oppgåva var å vise korleis farmasøytisk kompetanse kan nyttast i sjukeheimane, seier Torunn Stadeløkken. Ho skal skrive ein artikkel frå studien til eit internasjonalt tidsskrift. Foto: ARVE DANIELSEN