Titus Aaboen, og etterkvart sonen Svein, dreiv butikken i Nordberg i fleire titals år. Han var som ein gamaldags landhandel med eit stort vareutval, du kunne få alt frå spikar til hermetikk og underklede.

Nå blir det liv i butikken att.

Ellinor og Nils Henry Fosstuen har kjøpt eigedomen og har planar for både innhald og drift.

– Vi vil gjerne starte opp med ein, kall det gjerne landhandel - med lokale produkt og litt lokalmat. I tillegg vil vi ha ein liten kafekrok, fortel Ellinor Fosstuen.

Sjølv produserer ho ulike type klede, og skal ha systova si i ein del av den gamle butikken.

Ellinor gjev Fjuken ei omvising i butikk og hus, og her finst fleire artige retrorekvisitter og -varer som kan prege lokalet når det skal opnast for publikum.

– Målet og håpet er at vi kan opne rundt påsketider, seier Ellinor.

Fram til det skjer har ekteparet Fosstuen ikkje problem med å fylle fritida - det skal til ei omfattande oppussing før dørene opnar for kundane.