Lom og Skjåk brass og representantar frå Lom musikk- og kulturskule var òg med.

Det er fort gjort å koma i julestemning når ein sit i kyrkja og høyrer på julesongar. Lom og Skjåk brass opna konserten med å spela «En stjerne skinner i natt». Deretter gjekk det slag i slag, med julesongar frå Lomsklagen og to unge songarar frå Lom musikk- og kulturskule: Johan Wagner og Siri Bøje Kvandalsvoll. Dei to kom frå oppgåva på ein framifrå måte.

Lomsklangen kling godt, med sine kvinner og menn. Publikum fekk vera vitne til noko heilt nytt på slutten av konserten: Eit reint mannskor.

– Dette gjer vi for fyrste gong, fortalde dirigent Kristbjørn Rossehaug.

Mannskoret song «Eit lite barn kom til oss ned», med tekst av Ove Tidemansen og melodi av Kristbjørn Rossehaug.