Nissebesøk og moteshow

4 år gamle Kristine Bergitte Aabø frå Bøverdalen var ein av mange som fekk pakke frå nissen laurdag ettermiddag.

Spent: Kristine Bergitte Aabø sende eit spent blikk på nissen da ho tok imot gåva. Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det er handelshelg i Lom, og vi trur ingen kan klage på oppmøtet. I Presthaugen, der det var ulike aktivitetar og handel av ulikt slag, var det stappfullt med folk. Mykje folk var det òg på moteshowet i Lom sentrum.

Ekstra stas var det sjølvsagt da nissen kom på besøk rett etter moteshowet.

Moteshow: Lokale modellar stilte sporty opp da butikkane i Lom inviterte til moteshow i Lom sentrum laurdag ettermiddag. Foto: Vigdis Kroken