Færre arbeidsledige

65 personar er heilt arbeidsledige i Ottadalen.
Nyheiter

Tal frå Nav syner at arbeidsløyse er forhaldsvis låg i området vårt. 1,5 prosent av arbeidsstokken er ledig. Det er som snittet i fylket.

Her er tala frå Ottadalen:

Skjåk

20 heilt arbeidsledige, 6 færre enn i fjor

Lom

13 heilt arbeidsledige, 4 færre enn i fjor

Vågå

32 heilt arbeidsledige, 4 færre enn i fjor