På Facebook er det oppretta ei støttegruppe for prosjektet; Ja til flyplass i Vågå. Gruppa har i skrivande stund vel 2.000 fylgjarar.

Formålet med gruppa er å få politisk støtte til å arbeide for ein flyplass på Tolstadåsen.

Det er òg oppretta ei oppropsside på internett, der støttespelarar kan «skrive under på» at dei ynskjer flyplass.

«Støttegruppa som arbeider for å få etablert ein flyplass i Vågå, inviterer nå alle til å synleggjera det store engasjementet for å fri vår region frå den samferdselsmessige bakevja vi nå er i. Flyplass er det einaste realistiske og samfunnsøkonomisk forsvarlege samferdselstiltaket på kort og mellomlang sikt, som kan stabilisere folketalsutviklinga og bidra til vekst og optimisme for vår region. Vi krev med dette at politikarane tek flyplassen inn som ein viktig strategi i dei politiske prioriteringane på samferdselsfeltet. Kortbanenettet er avgjerande for vekst og verdiskaping i heile Noreg, også i Gudbrandsdalen», står det på oppropssida.

I skrivande stund har 173 personar signert oppropet.

Mellom dei er Vågå-ordførar Iselin Jonassen.

– Å få ein flyplass vil lette situasjonen med å koma seg inn og ut av regionen. Ved å bygge ein flyplass vil også ei utbetring av vegnettet koma, seier Jonassen til Fjuken.

På Facebook-sida til aksjonen, seier ho dette:

– Som ordførar vil eg takke alle som nå engasjerer seg i arbeidet for ein flyplass i Vågå. Eg er sikker på at dette vil bli eit viktig bidrag til utviklinga av vårt område. Kommunen vil fylgje styret i Gudbrandsdal Lufthavn AS i arbeidet med å få utarbeidd ein samfunnsanalyse.

– Eg ser fram til at denne analysen er klar, og vil ta eit endeleg standpunkt i saka når den er på plass, seier Jonassen.

Det er elles folk frå heile Ottadalen som har skrive under, både næringsdrivande, politikarar og private.

«Kan ikkje sjå noko realistisk tiltak som vil gje oss ei slik moglegheit for auka næringsutvikling, og kunne stoppe fråflyttinga frå vårt distrikt, som ein flyplass». (Facebook)

«Eg støttar dette arbeidet fordi vi treng ein flyplass her. Vi er dei som har lengst veg til nokon flyplass i Noreg». (Facebook)