Det er handelshelg i Lom – med eit innhaldsrikt program. Sjølvaste Sølvguttene startar «ballet» med konsert i Utgard i kveld, torsdag.

Fredag kveld er det juleshowet «Fake Christmas» sin tur – også det i Utgard. Dei skal køyre same show laurdag kveld.

Men før det, frå laurdag føremiddag, er programmet ganske så tettpakka. Dagen startar i Presthaugen med levande musikk, song, juleverkstad, bakst og sal av ulike varer. I kommunestyresalen på Midtgard inviterer Kvinnenettverket i Lom og Skjåk til seminaret «Kvinne er kvinne best!». Ordførar i Vågå, Iselin Jonassen, og varafylkesordførar Aud Hove er blant dei som står på foredragslista.

Utanfor kommunehuset, på midtgangen frå Midtgard til Vassvagelen, inviterer klesbutikkane til moteframsyning. Dei lovar å syne fram siste nytt på motefronten. Nissen og reinsdyret har visst planar om å dukke opp dei òg...

Sundag blir det meir musikk, nemleg førjulskonsert i Lomskyrkja med Lomsklagen, Lom og Skjåk brass og elevar frå Lom musikk- og kulturskule.